Norwegian Unix User Group Referat styremøte 2007-12-19, 18:00-19:30, UiO/USIT Styremedlemmer: Petter Reinholdtsen, Jon Petter Bjerke, Håvard Fosseng, Ole Kristian Lien Skype: Peter N.M. Hansteen Forfall: Runar Ingebrigtsen, Gaute Nessan 2007-81 Godkjenning av referat frå styremøte 2007-11-07 Referatet godkjent. 2007-82 Opptak og endringar av medlemmer Styret godkjenner dei nye medlemmene og tek utmeldingane til etterretning. 2007-83 Postliste Ole Kristian oppdaterer rutinar for postliste. 2007-84 Marknadsundersøking om fri programvare (Oppfølgar til sak 2007-75 frå styremøtet 2007-11-07) Linpro har gjennomført denne undersøkinga etter dansk mal. Når resultata er formidla til pressa skal dei leggast ut på websidene våre. Vi har ikkje sendt pressemelding -- Linpro handterer dette. 2007-85 NUUGnytt-200702 (Ole) Vi satsar på å få dette ut etter nyttår. Folk er opptekne av andre ting no. 2007-86 Oslo.PM ønskjer samarbeid om plassering av videomateriale Dette vert sett på vent til Oslo.PM har avklart opphavsrett for materialet. 2007-87 NUUG sekretariatstelefonsponsor Voop AS er konkurs Ole Kristian har prøvd å ringe nummera vi har fått tildelt, og det fungerer førebels. Rykte om forhandlingar med nokon som vil overta konkursbuet. Peter skal fremje krav frå oss til buet. 2007-88 Styreinstruksen Eksisterande styreinstruks er utdatert, særleg m.o.t sekretariatet sine funksjonar. Håvard lagar framlegg til oppdatert styreinstruks og legg dette fram på neste styremøte. 2007-89 Styremøtekalender for våren 2007 13. februar 12. mars (konstituerande styremøte) Vidare planlegging bør gjerast av den nye styret. 2007-90 Førebuingar til årsmøtet Håvard koordinerer årsberettinga. Jon Peter handterer rekneskap. Eventuelt 2007-91 Medlemskap i Frikanalen (Ole) [X min] Frikanalen får konsesjon. Vi melder oss inn. ------------------------- ------------------------ ----------------------- Petter Reinholdtsen Peter N. M. Hansteen Jon Petter Bjerke ------------------- --------------------- Håvard Fosseng Ole Kristian Lien