Norwegian Unix User Group Referat styremøte 2009-12-15, 18:00-19:00, hos Petter Reinholdtsen Styremedlemmer: Petter Reinholdtsen, Jon Petter Bjerke (skype), Håvard Fosseng, Christer Gundersen (skype), Ole Kristian Lien Varamedlemmer: Gaute Nessan, Lars Solberg 2009-32 Godkjenning av referat Referatet frå styremøtet 2009-10-08 vart sendt ut til styret 2009-10-13 og er å rekne som automatisk godkjent. 2009-33 Opptak og endringer av medlemmer Styret godkjenner dei nye medlemmene og tek utmeldingane til etterretting. 2009-34 Status for fremtidig økonomistyring Ole Kristian og Jon Petter er godt i gang med opplæring og skal møtast att 5. januar. Det er eit poeng å gje Ole Kristian tilgong til nettbanktenestene snarast råd ettersom denne prosessen uansett tek tid. Banktransaksjonane er enno ikkje komne inn i Lodo. Ole Kristian og Jon Petter har ambisjonar om å ha ting klart til revisor om kvelden 6. januar. 2009-35 Betale for sekretariatstjenester Petter og Håvard får fullmakt til å forhandle fram konkret avtale om kjøp av sekretærtenester, i storleiksordenen 10 timer i måneden. Dette burde gje utgifter i storleiksordenen 50 000,- i året. 2009-36 Revidert budsjett for 2010 og budsjett for 2011 Ole Kristian og Jon Petter skriv eit framlegg til årsmøtet om ekstraordinær løyving til videogruppa (frå akkumulert overskot) til kjøp av utstyr. Endeleg budsjettframlegg vert vedteke på neste styremøte 2009-37 Støtte Stopp DLD-initiativet? NUUG donerer 10 000,- til Stopp DLD-initiativet, som verte teke frå prosjektposten i budsjettet. Ole Kristian tek seg av det praktiske m.o.t. overføring av pengane. 2009-38 Søknad om støtte til skolelinux-prosjektet NUUG-leiaren sa seg inhabil i denne saka. NUUG løyvar 20000 til Skolelinux-prosjektet. Ole Kristian tek seg av det praktiske. Eventuelt Ole Kristian: Ikkje noko teknisk spor på Go Open neste år. Har vi kapasitet til å lage noko? Ein laurdag, gratis for alle? Oslo.pm er interesserte i samarbeid. Vi bør få ein idé om omfanget, finne samarbeidspartnarar, og starte i det små. Ole Kristian tek ballen vidare og legg fram på neste styremøte. --------------------------- ------------------------- Petter Reinholdtsen Jon Petter Bjerke -------------------------- ------------------------- Håvard Fosseng Christer Gundersen